Zenit får bidra ytterlegare!
Zenit får bidra ytterlegare!
Det har vore ein kjekk og travel vår for ingeniørane våre. Vi gler oss over stødige tilsette og nye kollegaer! No sommarladar vi litt før ein spennande haust!
1, juni starta vår nye kjekke kollega frå Herøysund, Sindre Helvik
Sindre er sivilingeniør innan offshoreteknologi og maskin.
Han har erfaring frå smelteverk, vasskraft og livredingsbransjen.
Sindre er godt i gong saman med teamet som jobbar med oppdrag for kundar frå kontoret
Nyåret er godt i gong og kollega Petter Ottesen er innflytta på nytt Zenit avdelingskontor i Drammen
Zenit er nå også å finna i lokala til Autek AS i Hofgaardsgate 27!
Her ynskjer vi å vera tilgjengelig også for området rundt Drammen med ingeniørtenestene våre.
Ta kontakt for forespørsel på ingeniør tenester innan maskin, rør, materialteknologi og mekanisk design.
Zenit har bistått Røynstrand Entreprenør AS med installasjonsoppfølging på bærestruktur.
Vi gratulerer byggherre Woodnest Treehouse og ynskjer lukke til!
Foto: Gjermund Øystese
Vi har fleire typar oppdrag for kundane våre som varierer frå smeltevek til oppdrettsnæringa.
Eit av oppdraga den siste tida har vore design av ny foringsplattform til oppdrettsflåte.
Denne skulle erstatta eksisterande betongplattform.
Vi skal i løpet av hausten sjå på muligheten for å utvikla eit nytt produkt som vi ynskjer skal komma kundane våre til gode.
Etter å ha presentert ideen vår for Innovasjon Norge har vi vore så heldige å motta midlar som vi skal nytta godt! Dette prosjektet blir leia av Tordis Sagstad frå kontoret vårt på Husnes.