Vi er klare til å bistå der de manglar eller treng å tilføra ingeniørkompetanse og prosjektkontroll. Våre motiverte tilsette har solid teknisk og industriell erfaring. Vi tek på oss alle typar oppdrag både frå kontoret eller ute hos kunde.
Zenit Engineering vart etablert i 2000 som eit frittståande konsulentfirma innan skips- og maskinteknikk. Vi har etablert oss i eige kontorbygg i Husnes sentrum. 2 av dagens tilsette var og med ved etableringa. Dei er og medeigarar i firmaet.
Mange års erfaring frå ulike kundar og disiplinar gjev ingeniørane våre ei svært god erfaring som vi heile tida utviklar og tek med oss vidare. Ingeniørane våre bidrar til nye teknologiske løysingar og sikrar teknologiske system som allereie finns i dag.
De leiger ein av ingeniørane våre når du har behov for hjelp til å gjennomføra både kort- og langsiktige prosjekt.
Me har tileigna oss mykje kunnskap og erfaring som kundane våre dreg nytte av. Gode dataverktøy er ein viktig del av vår konstruksjonskvardag, og AutoCad / Inventor er dei programma som er mest brukt.
Fleire av ingeniørane våre har også lang erfaring i 3D-modellering.
Etter kvart har vi utvikla ei god erfaring som kjem kundane våre til gode når det dukkar opp utfordingar og behov.
Me er effektive, og har heile tida fokus på kva som er den beste løysinga for kunden.
Dialog og kommunikasjon er viktige element for at eit oppgåve skal bli utført på best mulig måte.
I samråd med kundane våre legg me til rette for at oppgåvene blir løyst mest mogeleg effektivt.
Autodesk AutoCAD - Tegning i 2D og ISO
REVIT HVAC- 3D modellering
Plant 3D - generering av isometriske og ortografiske teikningar
Autodesk Inventor - 3D modellering og teikning
Staad.ProV8i - Strukturanalyse og design
Microsoft Office - Dokumentasjon og rapportar
Mips - Prosjektstyring
Intergraph/Bentley MicroStation 1985 - 1999Aveva PDMS SolidWorks - 3D modellering og teikning
ProArc - Dokumenthåndtering og dokumentkontrollCCS (Change Control System) - Endringskontroll
MathCad - Berekningar og dokumentasjon